Lokalnytt

HUL-teatret etterlyser mannfolk

 

Marianne Fivelstad til venstre, og Linn Kammen har to av dei kvinnelege rollene i «Sviger er verst». Her frå romjulsspelet i 2017, «Her går det for seg».

HUL-teatret manglar mannlege aktørar til skodespelframsyninga 4. juledag. –Det er frustrerande med alle nei-svara, seier styremedlem i teatergruppa Marianne Fivelstad.

Romjulsspelet til HUL-teatret har åtte roller i år, fire av kvart kjønn og varer i om lag ein time. Stykket er ei farsekomedie i to akter og heiter «Sviger er verst». No står heile forestillinga i fåre for å bli skrinlagt grunna mangel på to mannlege aktørar.

Marianne Fivelstad, som også er leiar i Hellesylt Ungdomslag har brukt telefonen mykje dei siste vekene. Ho synest det er vanskeleg å drive med teaterarbeid, for også i fjor vart romjulsspelet avlyst grunna mangel på aktørar.

–Damer til skodespelet har vi nok av, men rollene til «karane» er berre to som har sagt ja til. Vi har ringt og snakka med mange, men tidspress, vonde lemer, manglande motivasjon og «for gamle» har blitt brukt som grunnar for nei-svara. Eg har mest lyst å gje opp, og kanskje må vi det også. No er siste sjanse å søkje gjennom hellesylt.info, at eit par mannlege personar melder seg og blir med på ei ny romjulskomedie. At ein stangar eitt år med å finne folk i rollene, kan vel skje, men to år på rad er skuffande. Kanskje er ikkje HUL-teatret liv laga lenger, kanskje skal vi berre legge det ned og bli historie heretter, spør Marianne Fivelstad. – Men om nokon er klar for ei mannleg rolle så ring meg og det må helst skje fort, for vi har knapt med tid om vi skal få øvd inn stykket til 4. juledag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380