Notiser

Hundre gevinstar ut på timen

Den som ville prøve vinnarlukka måtte møte til opningstid under laurdagskaféen til Sunnylven sanitetslag. Hundre gevinstar var ute på ein time.

Sunnylven sanitetslag baud på laurdagskafe i staden for laurdagsbasar i år. Kafé-arrangementet slo god ann, for bygdefolket møtte fram, og både praten og handlelysta var god. Hundre store og små tombolagevinstar vart lodda ut ved sal av snurrelodd, og alle var borte i løpet av den fyrste timen, fekk vi oss fortalt. Også sal av kaffi og gode smakar frå eit stort kakebord gjekk unna. Arrangementet var på alle måtar vellukka, stadfesta arrangøren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380