Lokalnytt

I natt skal klokka ein time tilbake

Natt til søndag 27. oktober skal klokka ein time tilbake, til 02.00.

Natt til søndag 27. oktober, klokka 03.00 er det slutt på sommartid for i år. Då skal klokka stillast ein time tilbake.

I år vart sommartid innført 31. mars. Søndag 27. oktober skal klokka stillast tilbake frå 03.00 til 02.00.

Sommartid vart fyrste gong innført av Tyskland i 1916 ved å stille klokka ein time fram om våren. Året etter gjorde Norge og fleire andre Europeiske land det same. Årsaka var at ein fekk ein time ekstra lys på sommarkveldane.

Det er ikkje alltid like lett å huske kva veg klokka skal stillast. Ein god regel kan vere at det alltid er mot sommaren, fram om våren og tilbake om hausten.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380