Lokalnytt

Informasjonsmøte om fiber i Sunnylven

Moderniseringsdirektør i Telenor Arne Quist Christensen og ordførar Jan Ove Tryggestad med signert avtale om breibandutbygging. Bak frå venstre rådmann Åse Elin Hole, regionsjef John-Niklas Handberg, næringssjef Inge Bjørdal og IKT-leiar Gunnar Sårheim Fivelstad. (Foto: Stranda kommune)

Stranda kommune inviterer samen med Telenor Norge AS til folkemøte om den planlagde fiberutbygginga i Sunnylven.

Onsdag 6. november klokka 20.00 vert det folkemøte på Sunnylven Samfunnshus i forbindelse med den planlagde fiberutbygginga i bygdelaget. Ordførar Jan Ove Tryggestad vil innleie møtet og representantar frå Telenor vil vere til stades og orientere om prosessen vidare. Det vil bli moglegheit for å teikne abonnement på fiber og/ eller tv over fiber. Allereie no kan ein gå inn på https://fiber.telenor.no og legge inn bestilling.

Bakgrunnen for denne utbygginga er at Stranda kommune i 2018 søkte og fekk offentleg tilskot til å bygge ut høghastigheits breiband til innbyggarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredstillande tilbod.

Etter utlysing på Doffin vart Telenor Norge AS valgt som utbyggar, og 12. juli 2019 vart det underskrive kontrakt mellom Stranda kommune og Telenor Norge AS.Utbygginga gjeld heile Sunnylven.

Sunnylvsbygda, Nibbedalen, Langedalen og Røyrhus vert delvis finansiert av statlege midlar. Utbygging av Hellesylt sentrum, Reset og Solvegen kjem som ein konsekvens av utbygginga av områda over, og er ei rein kommersiell utbygging frå Telenor si side. Det er eit krav om oppslutning på 70% for at utbygginga skal verte realisert.

Viktig å få på plass

I ein kommentar til hellesylt.info legg ordførar Jan Ove Tryggestad vekt på at dette er eit viktig tiltak både for beredskap og utvikling i Sunnylven. Han er glad for at utbygginga har fått statlege middlar og såleis kan bli realisert.

–Skal Stranda kommune lukkast med våre planar og tenester til innbyggjarane er fiber av det viktige å få på plass. Bruken er viktig også andre vegen. Mange private og bedrifter er avhengig av internett, og behovet blir heilt sikkert ikkje mindre i framtida. Ved å føre fram fiber nedgrave får vi også eit sikkert samband som også kan brukast til TV-signal, seier ordførar Tryggestad. Han håper mange møter på folkemøtet onsdag for å få informasjon om den vidare prosessen.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380