Lokalnytt

Julemesse siste laurdag i november

Julemessa på Sunnylven samfunnshus, Hellesylt blir i år laurdag 30. november. (Foto frå arkivet)

Sunnylven bygdekvinnelag står som tilskipar av julemesse på Hellesylt laurdag 30. november på Sunnylven samfunnshus.

-Bygdekvinnelaget tek på seg jobben med å arrangere julemesse på Hellesylt også i år. Det seier styremedlem i laget Anne Marie Sømoen Frøysa.

-På facebook har det blitt diskutert å flytte julemessa til ei anna helg då andre har liknande salsmesse same helg. Hellesylt har alltid hatt si julemesse på laurdag fyrste helga i advent. Då har det samtidig blitt ordna til for tombola for Sunnylven skulekorps dagen etter. På fyrste søndag i advent har det også alltid vore tenning av julegran i sentrum, og lysmesse i Sunnylven kyrkje. Vi har drøfta dette opplegget og ser ingen grunn til å endre på noko. Alt blir som tidlegare år også denne gongen, seier Anne Marie Sømoen Frøysa.

Julemessa blir på Sunnylven samfunnshus laurdag 30. november og er opa mellom klokka 11.00 – 16.00. Sunnylven bygdekvinnelag byd på julegraut, kaffi og kaker.

Dei som ønskjer å delta med sal av produkt på julemessa på Hellesylt kan ta kontakt for meir informasjon eller påmelding til;

Anne Grete Hjelmeland Hole, mob. 418 46 683

Anne Marie Sømoen Frøysa, mob. 988 46 226

Sunnylven bygdekvinnelag ønskjer velkome til Julemesse på Hellesylt 2019.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380