Skaper nye laksar i klekkeri

Ein rugg av ein hann-laks er fanga opp frå kummen av Glenn Vidar W. Stadheim og skal bidra med sitt til nye tusen laksebarn.

Ved klekkeriet i Husøyna i Sunnylven var arbeidet med å få fram nye eksemplar av Korsbrekkelaksen i full gang tysdag. Arne Korsbrekke og Glenn Vidar W. Stadheim hadde den kalde jobben med å stryke stamlaks for rogn og mjølke.

Det blir 100.000 «laksebarn» også i år, seier Arne Korsbrekke, nestor i oppdrettsarbeidet med over 60 år i jobben for ei god og berekraftig laksestamme i Korsbrekkeelva. Og med på jobben er Glenn Vidar W. Stadheim, også han med ti års erfaring alt i det viktige arbeidet.

Det vart mykje stor og flott stamlaks som vart fanga inn til avlsarbeidet i haust. Der var ho-fiskar på kring 10 – 12 kilo, og hannar enno litt større. Fiskane har stått i kummar med friskt, rennande vatn i snart ein månad, og i år vart strykinga ei veke tidlegare enn vanleg. Om vass-temperaturen kan ha noko påverknad, eller andre ting veit dei ikkje sikkert.

I alle fall kom det mange liter rogn frå ho-fiskane. I snitt gjev ein liter rogn 5000 rognekorn, som er vanleg frå ein laks på 3 – 4 kilo. Og med nokre «strålar» mjølke i rognkaret frå hann-laksen er framvekst av tusenvis lakseyngel i gong. Arne og Glenn hadde rikeleg med stamlaks til klekkeriet i år så dei som ikkje vart nytta vart sett tilbake til Korsbrekkeelva for å reprodusere seg der. Og det er nettopp det løyvegjevarane vil at laksen skal gjere, seier dei to. Men elva er ikkje av dei gode gyteelvane, den har mykje svaberg og er storsteinut i botnen. Det er ikkje bra forhold for gyting, meinar dei to. Og når haustflaumane kjem eller når kulde fører til at elva botnfrys fleire stader, då går det gale med det som etter kvart skulle bli store laks.

Det er krefter i laksen på 12 – 14 kilo, det kan Arne Korsbrekke stadfeste.

Difor håper både Arne Korsbrekke og Glenn W. Stadheim å få løyve til å halde fram med yngelproduksjonen ved klekkeriet i Husøyna i mange år enno, eit arbeid som har gjort Korsbrekkeelva berømt mellom laksefiskarar. Klekkeriet har løyve berre for eitt år om gongen

Det kan til tider vere kaldt, både når fisken skal fangast inn og når den skal strykast, men akkurat det er ikkje ting som opptek Glenn og Arne så mykje. Det er målet om å oppretthalde Korsbrekkelaksen i framtida som er det viktige.

-Det er eit interessant arbeid også, og målet er å halde elva som ei god og mykje omsnakka lakseelv også i framtida, det er eit pluss også for bygda. Då må vi alle bidra med kvar vårt, seier Glenn Vidar W. Stadheim.

Arne Korsbrekke er samd i det. Han tel no på knappane kor mange år han blir med som laksefornyar, men håper det vil halde fram med yngelproduksjon ved klekkeriet i Husøyna i mange år enno.

Rogn og mjølke i ei god blande, det blir det storlaks av om nokre år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380