Lokalnytt

Nærmar seg årets TV-innsamling

Alt under Strandadagane i august/september slo desse damene eit slag for TV-innsamlinga til CARE. Frå venstre fylkesleiar Victoria Linnerud, Kari Hauso Stadheim frå Sunnylven sanitetslag og Aud Tomasgard Berstad, Stranda frivilligsentral.

Årets TV-innsamling foregår søndag 20. oktober. Innsamla middlar går i år til organisasjonen CARE.

TV-aksjonen i år går til organisasjonen CARE og støtte til kvinner i fattige land, i Niger, Mali, Den demokratiske republikk Kongo, Burundi, Rwanda, Myanmar, Afghanistan, Jordan og Palestina. Her skal kvinner få ei hjelpande hand til å bestemme over eigen kropp, til opplæring, dei skal kunne delta og bli høyrde, og gjerne skape si eiga bedrift til eigne inntekter.

Amerikapakkane

Namnet CARE betyr «ta vare på, bry seg om». Ein gong fekk også Norge slik hjelp. Det var etter krigen i 1945 at mange mottok Care-pakkar, eller såkalla Amerikapakkar, les vi i medlemsblad frå Norske kvinners sanitetsforeining. Dei siterer frå ei lokalavis og leiar i Hammerfest sanitetsforeining, Margot Lyngvoll som huskar godt desse amerikapakkane. Etter evakuering av Finnmark under 2. verdskrig var både hus og eigendeler øydelagt. Då innbyggjarane kom tilbake, var det amerikapakkane som bidrog til at folk fekk både klede og mat.

-Kanskje kunne vi sendt Hammerfestpakkar, eller Norgespakkar til andre som treng det, seier Margot til lokalavisa.

Alle får besøk

Fylkesaksjonsleiar for TV-innsamlinga er Victoria Linnerud, og Aud Tomasgard Berstad ved Stranda frivilligsentral er koordinator for innsamlingsaksjonen i Stranda kommune. Hovudkomiteen i Stranda er politisk vald der også ordførar Jan Ove Tryggestad og varaordførar Svein Erik Rimstad er med.

Eit stort antall bøsseberarar vil vere i sving i heile kommunen søndag, seier Aud Tomasgard Berstad. I Sunnylven er det sanitetslaget som utfører innsamlinga der ein kan gje kontantar, eller ein kan wippse.

Sel vaflar

I Sunnylven stiller også skulen opp for innsamlingsaksjonen. Fredag sel elevar frå mellomsteget vaflar med tilbehør på bedrifter på Hellesylt, og inntekta av salet går uavkorta til TV-innsamlinga, får vi opplyst. Og på søndag kjem så ti medlemer frå Sunnylven sanitetslag rundt med innsamlingsbøsser. Aud Tomasgard Berstad håper alle i Stranda tek godt mot bøsseberarane og støttar eit godt formål også denne gongen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380