Nedgang i innsamla middlar til TV-aksjonen

Bøsseberarar i Sunnylven var medlemer frå Sunnylven sanitetslag. Mykje kom inn i kontantar og fleire lova å vippse, fekk vi vite.

Ikkje alle innbyggjarar i Stranda kommune fekk besøk av bøsseberarar under TV-aksjonen for organisasjonen CARE. For heile kommunen var det søndag kveld kome inn 104.847.-, som er ein nedgang frå i fjor.

I Sunnylven vart resultatet bra, det kom det inn 27.798.- kroner som fordelte seg slik; Bøsse 19.777.-, innsamling i kyrkja 1.927.-, skuleelevar på mellomsteget 3.094.-, og frå laurdagskafé til sanitetslaget 3.000.- kroner.

Ordførar Jan Ove Tryggestad er leiar for den politisk valde komiteen for TV-innsamlinga. Vi møtte ordføraren i Sparebanken Møre på Hellesylt. Då hadde han gjort turen til Stranda og kom innom banken for å høyre korleis innsamlinga hadde gått i Sunnylven.

I Sunnylven hadde 12 medlemer frå Sunnylven sanitetslag fordelt bygdelaget i mellom seg til høvelege roder, og dei hadde møtt rause gjevarar, fekk vi oss fortalt. Dei som ikkje hadde kontantar fekk ein lapp der dei kunne vippse eit beløp til innsamlinga for organisasjonen CARE.

Ordførar Tryggestad håpa på eit godt resultat frå innbyggjarane i Stranda kommune også denne gongen. Kommunen hadde gjeve 10.000.- kroner til innsamlingsaksjonen, sa han. Han tykte TV-aksjonen i år var for ei god sak, til støtte og hjelp for kvinner i underutvikla land.

-Skal det bli framgang og utvikling må kvinnene kome med i styre og stell. No har menn styrt i desse landa i alle år utan at det har skjedd så mykje, det er stort sett krig og spetakkel heile tida. Eg har rett og slett mista litt trua på dei mannlege leiarane, sa ordføraren.

Han rosa dei som hadde gått rundt med innsamlingsbøsser i kommunen. I Sunnylven har det aldri vore noko problem å finne folk, og denne gongen mobiliserte sanitetslaget rikt. Det tykte Tryggestad var flott, og han delte også ut verbale roser til 10 – 12 elevar frå Vestborg som kom og melde seg som bøsseberarar og gjorde ein jobb for innsamlinga.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380