Rask reparasjon av vasslekkasje
Litt før klokka 20.00 onsdag kveld oppstod det ein vasslekkasje på ei hovudleidning i Hellesylt sentrum. Knappe tre timar seinare var det vatn i kranane igjen.
Det var gamle eternittrøyr i gata mellom Ole Ringdal AS og Sunnylven samfunnshus som sprang lekk. Vatnet fossa opp så asfalten nærmast letta i gatedekket, og ein «innsjø» vaks seg større og større.
Berre få minutt etter at vasslekkasjen oppsto var mannskap frå Stranda kommune på plass. Tore Johnsen frå kommunen fortel at alarmen gjekk frå vassverket då det vart unormalt trykk som følgje av lekkasjen. -Då var det berre å hive seg i bilane og køyre til Hellesylt, seier han. Litt etter kom også traktor og gravemaskin på plass.
Og jobben gjekk unna. Etter tre timar var det øydelagde røyret skifta ut og vatnet kunne koplast på igjen. Lekkasjen oppsto også denne gongen nær ein skjøyt, fekk vi opplyst frå karane i grøfta.
Dette var effektiv jobbing frå tre mann som kunne arbeidet sitt og bør få ros for det. Og spørsmålet mange stiller er; Kor fort hadde ein slik skade blitt reparert om Hellesylt var del av ei større kommune?