Ros til aktive Fjellrosa 4H

Her har medlemane i Fjellrosa 4H fått sine diplom og merke for vel utførte arbeidsoppgåver i år. Bak til høgre (sløyfe i håret) står klubbrådgjevar A, Silje Kristin Stadheim.

Fjellrosa 4H i Sunnylven har halde haustfest med utstilling, servering, konkurranse og utlodding. Og som vanleg var arbeidsoppgåvene til medlemane både flotte og varierte, og fekk mykje ros.

I alt 13 medlemer i Fjellrosa 4H hadde fullført og stilte ut frå arbeidsgåver under haustfesten på Sunnylvsbygda grendahus. Alle fekk diplom, og merker etter kor mange år dei har vore med i 4H så langt. Arbeida og presentasjonen fekk mykje ros både av dei som hadde bedømt oppgåvene, og av organisasjonsrådgjevar i 4H Møre og Romsdal, May Britt Skjortnes. Ho gratulerte alle med dagen og slo på at resultatet fortente ein applaus, noko forsamlinga var med på.

Aktiv klubb

-I 4H er det ikkje viktig å vere knallgod, det er ingen konkurranse om å vere beste medlem, sa Skjortnes. Ho tykte klubben hadde vore aktiv og vore med på mykje det siste året, og mellom anna delteke på regionale samlingar. Det var viktig å bli kjent med andre, og det var sosialt. Skjortnes oppmoda alle foreldra til å hjelpe til og ta del i klubbarbeidet, men la til at ho tykte klubbrådgjevar Silje Kristin Stadheim og resten av leiinga hadde gjort ein god jobb i Fjellrosa 4H. Den rosen slutta forsamlinga seg til i applaus.

Oppgåver på nettbrett

May Britt Skjortnes opplyste at frå nyttår kan 4H-medlemar velje om dei vil jobbe med arbeidsoppgåvene i eit arbeidshefte som har vore vanleg til no, eller om dei vil notere alt på nettbrett. Fordelen med nettbrett var at då kunne rådgjevar følgje med på om eit medlem trong hjelp med å fullføre oppgåva.

Raust frå Sparebanken

Det er Sparebanken Møre som betaler alle merke som blir delt ut saman med diplom under 4H sin haustfest. Denne gongen hadde også banken ei ekstra gåve til Fjellrosa 4H. Banktilsett ved avdelinga på Hellesylt, Rita Rudning Røyrhus overleverte eit synleg bevis på 10.000.- kroner frå Sparebanken Møre. Pengane skulle gå til å oppretthalde den store og gode aktiviteten også i tida framover.

Og litt om aktiviteten det siste året vart fortalt av klubbleiar Linus Frøysa i starten på haustfesten. I ord og bilete fekk vi vere med 4H-arane på juleball, klubbmøter, akedag, superhelg, karneval, tur til Sunnmørsbadet, camping med overnatting, blåtur med grilling og ribbåt, sommardisco, klubbmøte med riding, fylkesleir, aktivitetsdag, og tur til Kjellstaddalen.

Frå utstillinga

Desse stilte ut og vart premierte på haustfesten:

Aspirantmerke:

Marta Friestad, -Baker`n

Sina Helen Frøysa, – Baker`n

Sune Frøysa, – Aspirant

Siv-Anita Aasheim Nessan, – Aspirant, Perling

Isabella Slyngstad, -Aspirant

Ingeborg Fivelstad Stadheim, -Baker`n

Ronja Mari Tronstad, -Baker`n

Bronsemerke:

Johannes Friestad, -Fritt val, høsting, saft og sylte

Linus Frøysa, -Friluftsliv

Selma Sjåstad Hole, -Matstell

David Røyrhus, -Fritt val

Gullmerke:

Emil Frøysa, -Fritt val, Jegerprøven

Ida Susann Tronstad, -Fritt val, lesing og bøker

Meir frå utstillinga

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380