Samrøystes val av ordførar og varaordførar.

Jan Ove Tryggestad vart samrøystes attvald og tek fatt på sin tredje periode som ordførar i Stranda kommune. (Foto frå arkivet)

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) vart samrøystes attvald med handsopprekking då det nye kommunestyret hadde møte onsdag 2. oktober. Også den nye varaordføraren, Svein Erik Rimstad (H) fekk heile kommunestyret sin tillit.

Det vart som venta attval av Jan Ove Tryggestad som ordførar i Stranda kommune etter framlegg frå Petter Hjørungdal (Sp). Senterpartiet gjorde eit brakval og med sine 12 representantar av 25 vart dei den klart største gruppa i kommunestyret. Ingen kravde skrifteleg avrøysting og Tryggestad vart samrøystes valt ved handsopprekking til sin tredje periode som ordførar i Stranda.

Før avrøystinga var leiaren for det største opposisjonspartiet, Frank Sve (Frp) på talarstolen. Han var klar på at ordførarvalet skulle avspegle valresultatet, så difor vart det ikkje stilt motkandidat. Men Sve sa at FrP var den nest største gruppa med fem representantar i kommunestyret, og kanskje antyda han med det at partiet hans burde få varaordføraren. Slik gjekk det ikkje. Petter Hjørungdal gjekk på nytt på talarstolen og gjorde framlegg om Svein Erik Rimstad (H) som varaordførar. Han vart så valt samrøystes, også det med handsopprekking.

Val av formannskap

Det nye formannskapet i Stranda består av fem menn og to kvinner.

Desse vart valde:
Frå Senterpartiet: Jan Ove Tryggestad, ordførar, Stein Lystad, Gunhild Kvam.

Frå Arbeiderpartiet: Knut Dag Langeland

Frå Høgre: Svein Erik Rimstad, varaordførar

Frå Framskrittspartiet: Frank Sve, Torill Ansnes

Krf. og Mpg fekk ikkje faste representantar i formannskapet, men er inne på varamannslister.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380