Selde vaflar for 3.000.- kroner
Ved Sunnylven skule har elevane på mellomsteget engasjert seg for årets TV-aksjon med sal av vaflar.
Alle foto: Lars Fivelstad
Elevar på mellomsteget ved Sunnylven skule brukte heile det store matfriminuttet og litt til av skuledagen då dei besøkte alle bedrifter på Hellesylt og selde vaflar med syltetøy og rømme. Inntekta gjekk til organisasjonen CARE, til TV-aksjonen som har si hovudinnsamling søndag.
Marthe Hjellbakk Hole er ein av lærarane for dei 23 elevane ved mellomsteget på Sunnylven skule.
-Vi har hatt om organisasjonen CARE i samfunnsfag og det har engasjert elevane. På salsdagen fredag brukte vi både det store matfriminuttet og litt av skuletida til førebuing, steiking og sal av 170 vaflar. Dei fleste arbeidsplassar på Hellesylt fekk besøk, frå HT Bygg, Formvac, butikkar, banken, rekneskapskontor, omsorgssenter til Ole Ringdal AS. Alle stader vart elevane raust mottekne, så vi kan vel seie det var vellukka. Og resultatet vart over 3.000.- kroner, pengar som alt er sett inn på innsamlingskonto i Sparebanken Møre, fortel Marthe Hjellbakk Hole.