Slår eit slag for lokal handel
Nærbutikkar over heile landet oppmodar bygdefolk til å handle meir lokalt. Laurdag 19. oktober inviterer Coop Marknad Hellesylt kundar på lunsj, quiz og konkurranse.
«Handle lokalt – velg nærbutikken» er slagordet for kampanjen. Her skal alle bli minte på kor viktig ein nærbutikk er, både som møteplass, servicesenter og salsstad av daglegvarer.
Hellesylt har to nærbutikkar, Joker Ringdal & Co, og Coop Marknad. Laurdag markerer sistnemnde –handle lokalt- kampanjen.
-Når du handlar lokalt er du med på å oppretthalde både nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke kundane for at dei sluttar opp om butikken, og ved å bruke nærbutikken er kundane med på å oppretthalde ei levande bygd, mellom anna.
Det seier Michelle de Vries ved Coop Hellesylt. Ho vil takke kundane sine for at dei kjem og handlar ved å vise dei litt merksemd på laurdag. Då inviterer butikken på lunsj, det blir servert kaffi og kaker, og seinare same dag er det både konkurransar og Quiz i kaffikroken.
-Det blir litt ekstra arbeid, men det er veldig kjekt om mange kjem så vi gjer det likevel, seier Michelle. Markeringa vil vere mellom klokka 12.00 og 17.00.