Lokalnytt

Søndagstur etter Flofjellvegen

Det minkar med turgåarar etter Flofjellvegen, men også siste søndag i oktober talde vi 10 -12 unge og eldre. Kanskje var det siste oppleving etter den flotte turvegen i år, for ut på dagen kom snøbygene.

Vi var ikkje så mange på søndagstur etter Flofjellvegen siste søndag i oktober. Langt fleire går her både av fastbuande og andre, og ikkje minst når fullasta bussar med cruisebåtturistar kjem til Vollset for å gå turen over fjellet til Flo. Dette er ein trafikk som starta i 1980-åra, og har auka mykje seinare.

Nytt trimår

Turen søndag hadde trimposten i Stegolen som mål, ein rusletur der berre ei «klukkande» elv eller ein fjellbekk uroa stillheita. No førebur naturen seg til vinterdvalen.

Det er nytt år for alle poengsankarar i fjelltrimmen no, og i trimbøkene ved Nedstevatnet og i Stegolen var poengsummane lave for dei som hadde registrert seg. Men besøka og poenga vil nok vekse så lenge snø ikkje stoppar turen, men skulle det skje så kjem ein ny vår og sommar om nokre månader.

På skiltet ved trimposten står Stegholen, slik kartverket vil ha det.

Stegolen

Vi har fanga opp kommentar på kva som er rett skrivemåte på det smale partiet av Flofjellvegen ved Stegolsvatnet. På skiltet ved trimposten heiter det Stegholen, og på turkart for Stranda kommune blir det jamvel skrive Stigholen og Stigholvatnet. I bygdebok for Sunnylven og Geiranger som omtalar vegbygging her kring 1930, blir vegstrekka kalla Stegolen. Så her kan vel uttrykket «kjært barn har mange namn» brukast. Ei viss uklarheiter råder, men bør ryddast opp i. Kjentfolk i området hevdar i alle fall at Stegolen er rett skrivemåte, slik det også heiter i bygdeboka.

Her er fylkesgrensa seier kjentfolk. Her sluttar både runde og vinkeljarn nytta i rekkverket.

Fylkesgrensa

Ei ny og interessant sak vi har fått oss frå kjentfolk er at merkesteinen for fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane står på feil plass i Stegolen. Då det vart laga rekkverk langs Flofjellvegen her brukte sunnmøringane rundt jarn til stolpar og rekkverk, medan nordfjordingane brukte vinkeljarn. Rekkverket langs vegen er no mykje øydelagt, men det viser godt kvar det er nytta rundt jarn eller vinkeljarn, og kor langt. Om dei begge laga rekkverk til fylkesgrensa, står grensesteinen på feil plass, om lag hundre meter for nær Vollset slik den står i dag.

Rekkverket er borte, men vi ser restar av rundt jarn der grensesteinen står i dag.

Rett skal vere rett, men uansett Stegolen, Stegholen, Stigholen eller feil fylkesgrense, Flofjellvegen er ein av dei flotte turvegar i området og må vaktast med nødvendig vedlikehald i framtida.

Vegen og brua ved Stegolvatnet
Ein av Sunnylven IL sine mest populære trimpostar ligg ved Nedstevatnet.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380