Stranda Fotoklubb arrangerer fotodagar

Dei årlege fotodagane til Stranda Fotoklubb på Stranda kulturhus er i år frå fredag 11. til søndag 13. oktober.

Av Svein Lunde/Stranda Fotoklubb

Det er snart klar for opning av ei ny fotoutstilling frå Stranda Fotoklubb. Som tradisjonen har blitt stiller klubben med ei stor utstilling av bilete frå medlemmane i klubben. Kvart år er det stor spenning om breidda i bileta, her er natur og landskap, makro og abstrakt. Dei fleste bileta er til sals.

I år stiller fem barnehagar med bilete som barna sjølve har laga. Alltid interessant å sjå kva borna formidlar med sine fotomotiv. Laurdag og søndag er det kafe med god tid til å kople av i kafeen i rådhuset.

Stranda fotoklubb har i fleire år laga ein kalender med bilete frå medlemmane og på fotodagane er det mulig å få kjøpe den nye Stranda-kalendaren 2020.

På laurdag vil Sponland foto i Ålesund stille med eit breitt utval av kamera og fotoutstyr, sikkert mulig å få gode råd om kamera og foto. i tillegg har dei i år med ein printer der ein kan få printa foto i postkortstorleik rett frå mobiltelefon eller minnebrikke.

Program for fotodagane 11. til 13 oktober:

Fredag 11. oktober

Kl. 18.00: Opning av Fotodagane

Kl. 20.00: Utstillinga stengjer

Laurdag 12. oktober

Kl. 12.00: Utstillinga opnar

Open kafe. Medarbeidarar frå Sponland Foto kjem med fotoutstyr for sal

Kl. 17.00: Utstillinga stengjer

Søndag 13. oktober

Kl. 12.00: Utstillinga opnar

Open kafe.

Kl. 17.00: Utstillinga stengjer. Fotodagane 2019 er over…

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380