Lokalnytt

Takkar for ei god tid som prest

Sokneprest Stein Berhard Karstensen under si siste gudsteneste i Sunnylven kyrkje 29. september.

Etter seks år leverte Stein Karstensen nøklane til kyrkjekontoret på Hellesylt og slutta av som sokneprest i Sunnylven. Som pensjonist blir familie og heim det viktige framover, seier han.

Sokneprest Stein Karstensen er flytta heim, til Hjørungavåg, til eige hus og hage og kona Bente. Som pensjonist kan han sjå tilbake på eit aktivt yrkesliv, dei siste seks åra som sokneprest for Sunnylven og Geiranger.

Sjølv om han no har sju fridagar i veka blir det langt frå berre late dagar. Ved heimen har dei stor hage, han har båt som han vil bruke, og både han og kona likar å gå tur, gjerne toppturar. Og så blir det heilt sikkert reiser og besøk til familie og venner, seier Stein på telefon.

Fjellturar

Vi spør om tida som sokneprest i Sunnylven, og då gjentek han seg fleire gonger. –Det var utruleg kjekke år, eg vart kjent med mange, kom inn på folk i kvardagen, eller trefte dei på turar, og alle hadde tid til å slå av ein prat. Eg og Bente likar å gå tur og vi har sett mykje av naturen i Sunnylven, frå høge toppar som Steimsnibba og Nokkenibba til dei fleste sætredalane i området, fortel han før han legg til at turen frå Sunnylvsbygda over fjella til Geiranger har han ønska seg lenge å gå, og det håper han å få gjennomført til sommaren.

Kjekt med ungdom

Stein Karstensen hadde god kontakt og samarbeidde godt med mange. Sunnylven omsorgssenter besøkte han ofte, og gjekk det litt tid mellom besøka fekk han høyre det neste gong at no er det lenge sidan sist. Minst like ofte gjekk turen innom Sunnylven skule eller barnehagen. Han ønska å rette ei stor takk for godt samarbeid med desse, det var alltid kjekt å kome innom. Samarbeidet skule og kyrkje har ikkje alltid hatt tradisjon for å fungere, men på Hellesylt var det veldig bra. Det same var tilfelle i barnehagen.

–Det er veldig kjekt å jobbe med ungdom, sjå at dei er glade og trygge, og at kyrkja er ein plass for heile folket. Sjå at den blir brukt i kvardag som fest, som under siste gudstenesta i Sunnylven kyrkje der barneleikarringen viste fram det dei er gode på og kom dansande inn i kyrkja, det gleda også soknepresten

Stein Karstensen takka alle for ei god tid som prest i Sunnylven. (Foto frå arkivet)

Innom Coop-kroken

I samtalen vår er vi inne på så mangt som den avtroppande soknepresten har vore med på. Han opna Hellesyltdagane frå utescena i 2014, han var med i båt og plukka opp vinnarender i Det store andesleppet i Hellesyltfossen, og han minnest utsynet i fint ver over kyrkjesoknet sitt frå helikoptertur.

På kvardagar på Hellesylt var Stein også innom Coop-kroken, ei spanande krå der praten brukar gå om det meste. Og soknepresten tok del i praten, men; -heller ikkje der løyste vi verdens problem på ein dag.

Då buplikta for prestar vart oppheva flytta Stein Karstensen heim til Hjørungavåg og det vart pendling til og frå jobben dei siste åra. –Det er greitt å bu saman med kona si veit du. Og no kan vi planlegge dagane i lag, jobbe i hagen, fiske eller lese bøker, og ikkje minst gjere det vi begge likar godt, gå tur i lag.

Stein Karstensen er sikker på at han blir å sjå på Hellesylt og i Sunnylven også ved seinare høve, om ikkje før så i alle fall til sommaren når fjella mot Geiranger skal opplevast. Men no helsar han til alle med; -Takk for ei god tid som prest.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380