Tid for å ta influensavaksine

Årets influensavaksine er her, og i ei pressemelding oppmodar kommuneoverlege Arne Gotteberg i Stranda kommune om at flest mogleg vaksinerer seg.

-Når du tek influensavaksine bidreg du til å beskytte andre som er svakare enn deg sjølv, seier Gotteberg. Kommunehelsetenesta tilbyr influensavaksine til alle interesserte, og den kan takast av alle, seier han.

Influensavaksina er spesielt tiltenkt resikogrupper, som er;

*Alle over 65 år

*Bebuarar på sjukeheim og omsorgsbustader

*Gravide frå 12 svangerskapsveke

*Born og vaksne med diabetes (både type 1 og type2), kronisk luftvegssjukdom, hjarte –og karsjukdom, leversvikt, nevrologisk sjukdom eller skade

*Personar med nedsett immunforsvar

*Personar med alvorleg overvekt (BMI over 40)

*Anna alvorleg eller kronisk sjukdom

 

Dagar for vaksinasjon

For Stranda og Liabygda ved Stranda legekontor

Onsdag 23.10.19 kl.09:00-14:00
Fredag  01.11.19 kl.09.00-11.30

For Sunnylven ved Hellesylt legekontor

Tysdag 29.10.19 kl.09:00-13:00

For Geiranger ved Geiranger legekontor

Etter avtale med legekontoret

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380