Lokalnytt

Tilsett som folkehelsekoordinator

Den nytilsette folkehelsekoordinatoren Margrete Fjetland Løvold har god både teoretisk og praktisk bakgrunn for jobben. (Foto frå arkivet)

Treningsinstruktør Margrethe Fjetland Løvold vart tilsett som folkehelsekoordinator i Stranda kommune 4. september i år.

Margrethe Fjetland Løvold er frå Stavanger, men flytta til Stranda i lag med sambuar i desember 2018. Der har ho jobba ved Stranda treningssenter. Ho har solid bakgrunn som trenar og ein bachelor i ernæring frå høgskulen i Oslo, og er no tilsett som folkehelsekoordinator i Stranda kommune. Med sine teoretiske og praktiske kunnskapar har ho nyttig ballast for å gje råd og utforme tenestetilbod etter forebyggjande og helsefremjande prinsipp for ei betra folkehelse.

Frå tidleg i mars i år har Margrethe Fjetland Løvold gjennomført styrke og teknikktrening for ei treningsgruppe i Sunnylven samfunnshus kvar måndag. Samlinga har vore for begge kjønn, men så langt har damer råda treningslokalet åleine. Margrethe oppfordrar også menn til å kome, for tilbodet for alle, unge og eldre av begge kjønn. Og treninga blir lagt til rette for alle, uansett nivå slik at alle får noko ut av det, seier ho.

Måndagstreningane på Hellesylt held fram som før, men er no gått over frå å vere privat til å vere eit gratis lavterskeltilbod for alle. Og framover blir treningane på same stad og til same tid, seier Margrethe, på Sunnylven samfunnshus kvar måndag klokka 19.30 til 20.30.

Oppgåver for folkehelsekoordinator:

  • Drive systematisk og langsiktig samfunnsplanlegging for å betre folkehelsa
  • Finne område i kommunen hvor det trengs målretta helsefremmende innsats
  • Koordinere førebyggende innsats i kommunen
  • Bidra til samarbeid mellom sektorer og tjenester
  • Styrke innsatsen for tidlig intervensjon
  • Holde et konstant fokus på behovet for forebygging og synliggjøre dette behovet
  • Ta ansvar for folkehelsearbeidet gjennom å ansvarliggjøre andre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380