Vellukka Margot-besøk på Hellesylt

Revyartisten Ina Breivik på scena i Sunnylven samfunnshus i rolla som Margot.

Sunnylven pensjonistlag markerte den internasjonale eldredagen to dagar på etterskot. Mange frammøtte på Sunnylven samfunnshus hygga seg med kaker, kaffi, Margot- besøk og flott musikk.

Knappe 60 medlemer av pensjonistlaget møtte fram til hyggeleg samvær på samfunnshuset 3. oktober. Seinare vaks antall frammøtte til vel hundre. I påvente av at Margot i revyartisten Ina Breivik sin skikkelse skulle dukke opp  vart det servert kaffi og kaker, det var loddsal til eit større lotteri i november, og praten røda godt kring småborda om laust og fast. Og musikarane i «Fossedur» rigga opp og gav prøve på flotte musikalske innslag som kom til slutt i programmet.

Margot kom til Hellesylt med litt angst, sa ho. Ho hadde høyrt om Åknesremna, at det var fæle greier, men følte seg ganske trygg oppe på scena. Ho foretrakk Hellesylt i sol og ho var glad for å sjå at Grand Hotell stod. Dei to var litt like kvarandre, litt råtne begge to, sa ho.

Slik heldt Margot fram med lødig prat, om mannen sin som fekk motorsag i gåve og saga vekk støttene til naboen sin veranda. Det vart sjukehus på naboane og songen Milde Jesus du som sagde. Herlof døde under julebakst for nokre år sidan, fortalde ho, før ho slo over på andre krydra historier om litt håplause slektningar, feriereiser, om ein tunika som var alt for liten, og anna som ei einsleg dame hadde opplevd så langt.

Margot er ein rollefigur, ikkje heilt vanleg, ei frittalande kjeftesmelle, litt smart og aldri så lite frekk for å oppnå det ho vil. Spiker i sko og hatt før sikkerheitskontrollen kan ende med nærkontakt av det intime slaget frå vaktmannskapet, fekk publikum seg skildra.

Leiar i Sunnylven pensjonistlag, Astrid Langeland takka «Margot» for god underhaldning og overrekte spekemat frå Ole Ringdal som gåve.

Revyinnslaget med Ina Breivik som rollefiguren Margot fall i smak, det vart mykje humring og latter mellom publikum i 15 – 20 minutt som innslaget varte. Og gode bidrag blir alltid belønna godt i Sunnylven. Leiar i Sunnylven pensjonistlag Astrid Langeland henta artisten tilbake på scena for overrekking av gåve og meir applaus. Gåva også denne gongen var spekematvarer frå hjørnesteinsbedrifta Ole Ringdal AS, noko Margot sette pris på og takka så mykje for.

Til slutt under ei vellukka eldredagmarkering spela «Fossedur» til underhaldning, Bandet mangla Oddvar Gausdal på trekkspel, men dyktige musikarar denne gongen var Olav Elling Gausdag gitar og vokal, Knut Hansen, gitar og vokal, Bjarne Sjåstad bass, og Jostein Ringdal slagverk.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380