Lokalnytt

Vil sjå Hornindal skule

Med ein småljå og i påsyn av ordførar Stig Olav Lødemel skar Ida Seljeset Haugen over silkebandet som stadfesta at nye Hornindal skule var klar for bruk.

Hornindal nye skule blir visingsbygg. Om få dagar skal folk frå Ørsta kommune til Hornindal for å sjå det nye skulebygget som byggfirma HT Bygg Hellesylt har reist i massivt tre.

(Foto: HT Bygg Hellesylt AS)

HT Bygg Hellesylt AS var totalentreprenør på nye Hornindal skule. Bygget som vart overlevert 14. oktober er reist i massivt tre, eit materiale som har blitt meir nytta etter kvart, og ein ny måte å bygge på. No vekkjer massivt tre interesse hos fleire, mellom anna i Ørsta kommune som vurderer å reise eit nytt oppvekstsenter på Sæbø.

Ferdig innvendig

I midten av oktober kunne Hornindal skule ta i bruk eit heilt nytt skulebygg på 1300 kvadratmeter. Byggefirma HT Bygg Hellesylt AS har vore totalentreprenør på bygget som er reist i betong, glas og massivt tre. Innvendige veggflater er ferdig behandla frå leverandøren, og utvendig vart skulebygget etterisolert og kledd.

Til opningsfest høyrer med kake, spandert av HT Bygg Hellesylt. Her får ordførar Lødemel smake kaka.

Talar og kake

Opning av ny skule vart markert med både talar, snorklipping og kake. Ordførar i Hornindal, Stig Olav Lødemel stilte i bunad og med kjede og var fornøgd med både bygget og med arbeidet som var utført. Byggefirmaet var representert ved prosjektleiar Tarjei Korsbrekke, og byggeplassleiar Geir Frøysa, og dei hadde med gåve frå firmaet til skulen, ein vasskjølar og drikkeflasker til elevane. Den symbolske handlinga på opninga stod elev Ida Seljeset Haugen for. Fram for skulebygget skar ho over silkebandet med ein småljå, sikkert produsert i Hornindal.

Andre bygget

Byggearbeidet har gått som planlagt, berre litt ruskever i fjor haust forseinka leveransar og framdrifta ein periode. Men det tapte vart jobba inn og skulebygget stod ferdig til avtalt tid 1. oktober, fortel Tarjei Korsbrekke.

No er elevar og lærarar på plass i eit nytt moderande bygg. Skulen i Hornindal var det andre bygget Hellesylt-firmaet har reist i massivt tre. Det fyrste var Norsk Fjordsenter i Geiranger. No blir Hornindal skule eit visingsbygg, kanskje for nye oppdrag med dette byggemateriale.

Nybygget ved Hornindal skule er bygt saman med Honndalshallen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380