25-års jubileum for saudehaudfesten

Store mengder bearbeida saudehaud er klare for servering på Sunnylvsbygda grendahus laurdag 9. november. Der blir den 25 saudehaudfesten på rad arrangert.
Sunnylvsbygda grendahus blir klargjort til årets gormetfest, den etter kvart tradisjonelle og 25 saudehaudfesten til grendalaget i bygda. Her blir det rikhaldig servering av saudehaud, flådde, salta, tørka og dampkokt. Men skulle nokon ikkje like den spesielle retten, eller føle eit visst ubehag av at sauehovudet ligg på tallerkenen med auge ope, så har vertskapet både kokmør, poteter, kålrot og kanskje enno meir å by på som erstatning.
Framleis er det bra med plass på saudehaudfesten, men vi minner om påmeldingsfristen som er onsdag 6. november før kl. 23.59. Om du ikkje har gjort det så ring;
Oddbjørg Stadheim mob 408 41 702, eller
Olav Lade mob. 918 93 177