Adventsstund på Sunnylven omsorgssenter

Det vart ei ny, triveleg adventsstund med både smørbrød, blautkake, korpsmusikk og allsong då Sunnylven sanitetslag gjesta Sunnylven omsorgssenter laurdag.

Daglegstova ved Sunnylven omsorgssenter er i minste laget, i alle fall når bebuarane får besøk av lag og organisasjonar som steller til hyggeleg samkome. Laurdag før fyrste søndag i advent var der på nytt trangt, men triveleg, for då kom damer frå Sunnylven sanitetslag og baud inn til si årlege  adventsstund med både servering og litt underhaldning.

Som ofte før opna Sunnylven skulekorps samlinga med tonar frå sine blankpussa instrument. Musikarane var ikkje mange denne gongen, berre sju. Håpet er at dei skal bli fleire, for mange juniorar øver, så til neste år kan skulekorpset vere dobbelt så stort, sa Oddbjørg Stadheim som leia korpset denne gongen.

Mange eller få, korpset leverte og gleda med kjære tonar i Glade jul, Kimer no til julefest, og Deilig er jorden. Deretter vart det servert smørbrød, blautkake og kaffi.

Rita Eide Ljøen takka Sunnylven sanitetslag på vegne av bebuarane og dei tilsette for at laget kom og stelte til adventsstund. –Det er veldig kjekt så tusen, tusen takk, sa ho.

Hilde Langlo Brekke frå sanitetslaget overrekte ein gåvesjekk til skulekorpset for at dei tok del, og ho hadde med julegåve til omsorgssenteret frå laget, tre orkide-blomar, ei til kvar etasje.

Musikarane i Sunnylven skulekorps var få, men dei kunne å spele julesongar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380