Lokalnytt

Årets julegran på plass

Årets julegran på Hellesylt er på plass. Det flotte eksemplaret vart rigga av Tore Johansen til venstre, og Tore Løvlid, begge tilsett i Stranda kommune.

Søndag vil lysa på julegrana på Hellesylt bli tende. Torsdag var mannskap frå kommunen på staden og eit flott og frodig tre vart reist på Ole Ringdals plass midt i sentrum.

To trivelege karar frå Stranda kommune, Tore Johnsen og Tore Løvlid rigga det flotte grantreet midt i Hellesylt sentrum torsdag, og dei sjekka at alle lys lyste. Dermed skulle alt vere klart til tenning på søndag klokka 15.15. Og når dei var på staden med lastebil med kran og korg hengde dei like godt opp belysninga over gata, slik dei har gjort i alle år.

Også i dei andre bygdelaga er julegrana på plass. På Stranda vart den sett opp på onsdag, og også i Geiranger er treet på plass, fekk vi oss fortalt. Om Liabygda visste ikkje Johnsen heilt, men trudde der var eit rotfast tre ved kyrkja som julegran.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380