Lokalnytt

Årsavslutning med premiefest

11. mai var fyrste fotballturnering for dette laget, J 08. Dei spela godt og skåra, og reiste heim med 11-3 i målprotokollen.

Søndag 17. november er det premiefest i Sunnylven idrottslag for yngres fotball. Det blir bingo, og i pausen blir det premiering av fleire poengsankarar i fjelltrimmen 2019.

Sunnylven IL Fotball har delteke med fem lag i yngres fotball i sesongen 2019, gutar 11, jenter 10, jenter 12, jenter 08, og gutar 14 år. I tillegg har klubben hatt spelarar på samarbeidslag med Stranda i kvinner 4. divisjon. Desse har eigen premiefest.

Trimgruppa hadde kasse på Coop Marked, Hellesylt for innlevering av trimskjema med frist 11. november. No er deltakarar og fjelltrimbesøk talde opp og søndag i pausen på bingoen blir det tradisjonell premiering av fleire. På Coop får ein kjøpt nye trimskjema for 2020.

Premiefesten for yngres fotball med bingo, og fjelltrimmen er på Sunnylven samfunnshus søndag 17. november klokka 14.30.

Mange har besøkt trimposten i Kjellstaddalen i 2019.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380