Basarlaurdag og brennsnuttreff

Det blir spaning og gode smakar på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag. Der inviterer Sunnylven pensjonistlag alle på lotteri og gode smakar frå gryter, og kake –og kaffibord.

Brennsnutlaurdag kallar Sunnylven pensjonistlag arrangementet sitt laurdag 9. november på Sunnylven kyrkjelydshus. Store gryter med det beste av kjøt og grønnsaker blir servert som brennsnut til alle som kjem innom. I tillegg blir det både kaffi og kaker å få kjøpt, får vi opplyst.

Arrangementet blir også fullt av spaning, for her skal mange flotte gevinstar trekkjast etter loddsal på basarbøker. Og skulle det ikkje bli gevinst frå desse er det nye vinnarsjansar på tombola og rullelodd, opplyser arrangøren.

Brennsnutfesten er ikkje berre for medlemer i pensjonistlaget, men for alle, born, unge og eldre. Treffet på kyrkjelydshuset laurdag «opnar dørene» klokka 13.00.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380