Lokalnytt

Brennsnuttreffet vart suksess

Tome gryter for brennsnut var det, frå venstre: Anne Lise, Lilli Karin, Anna, Ruth og Mia viste oss då vi kom seint.

Sunnylven pensjonistlag fekk fullt hus på brennsnuttreffet. Også loddsalet vart større enn arrangøren rekna med.

Om det var kulden som fekk folk i hus på pensjonistlaget sitt brennsnuttreff eller det var andre årsaker, veit vi ikkje. I alle fall sessa 122 unge og eldre seg på kyrkjelydshuset laurdag til tradisjonsmat, kaffi og kaker, og lotteri.

Festen vart i alle måtar eit vellukka arrangement der både mat og lodd gjekk unna. Kokkene på kjøkkenet kunne fortelje at 20 liter brennsnut hadde gått ut i løpet av vel ein halv time. At matretten var suksess må vel også dei fem kokkene få litt ære for. Dei brydde seg lite om såkalla «kjøtskam», for i grytene fylte dei opp med godt kjøt av både skinke, kotelettar og pølse, fortalde dei, og i tillegg friske gode grønnsaker og litt krydder. Det var mat som gjekk unna, og som kan bli tilbydd også ved eit seinare høve etter det vi forstod.

Vi kom seint til arrangementet laurdag, men vi fekk forsyne oss av både kaffi og kaker sjølv om utbodet også der hadde minka mykje. Tusen snurrelodd og fleire basarbøker fordelte mange gevinstar til heldige vinnarar. Pensjonistlaget hadde fått både røykalaks, diverse husgeråd, verdifulle gåvekort, bilpleie, ein juleduk, ullpledd, ja til og med ein laservater og mykje, mykje meir frå både private og bedrifter i og utanfor Sunnylven.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380