Cruisesesong med mange store båtar
Ein av verdens største cruisebåtar, MS Iona blir å sjå heile 17 gonger på Hellesylt og i Geiranger neste år, i ein sesong med mange store båtar og mange cruisegjestar.
I april startar ein ny, stor cruisesesong på fjorden mellom Hellesylt og Geiranger. Cruiselista som er presentert på Stranda hamnevesen si nettside viser i november 213 anløp i Geiranger og 135 på Hellesylt.
Fyrste båt til både Hellesylt og Geiranger er AIDAaura som kjem 2. april. Sesongen 2020 varer heilt til 28. oktober då AIDAsol er innom dei to cruisehamnene for 20. og siste gong.
Kanskje så mange som 400.000 passasjerar kjem med turistbåtar i løpet av neste år. Ein av båtane, MS Iona bidreg mykje til det høge talet. Båten som er ny kjem heile 17 gonger, neste ein gong i veka gjennom sesongen. MS Iona er under bygging ved verftet Papenburg i Tyskland og blir sett i cruisetrafikk for P&O Cruises i mai 2020. Båten som har åtte dekk er 337 meter lang og 42 meter brei, i følgje Wikipedia. Med sine 5200 passasjerar, 600 fleire enn i heile Stranda kommune, blir det over 88.000 passasjerar på 17 turar innom Verdsarvfjorden neste år.