Lokalnytt

Det skjer på Hellesylt i helga

Det er fullt under julemessa som bygdekvinnelaget arrangerer på samfunnshuset laurdag 30. november. Og vareutbodet er variert. (Foto frå arkivet)

Laurdag opnar Sunnylven bygdekvinnelag si julemesse på Sunnylven samfunnshus, og på omsorgssenteret inviterer sanitetslaget bebuarane til adventsstund. Søndag er det tombola med skulekorpset, utstilling av pepperkakehus, julegrantenning og lysmesse.

Det blir mykje å oppleve på Hellesylt komande helg. Med julemesse, tombola, adventsstund, julegrantenning, konkurranse i bygging av pepperkakehus, og lysmesse i Sunnylven kyrkje blir det ei triveleg og opplevingsrik fyrste helg i advent.

Bygdekvinnelaget med julemesse
Til julemessa på Hellesylt laurdag blir det varer å få kjøpe frå fleire bedrifter, ekeltpersonar, og elevar frå Sunnylven skule.
Her kan ein gjere god handel frå eit variert vareutbod, klede, strikkevarer, hudpleieprodukt, tupperware, foto, varer frå Gardskjøkkenet og Frøysagarden, varer laga av elevar ved Sunnylven skule, og kålrot frå Karbø.
Heile dagen blir det sal av kaffi, kaker og julegraut med mandel, lovar arrangør Sunnylven Bygdekvinnelag. Og grautkjøparar som finn mandel blir belønna med ein marsipangris, får vi oss fortalt. Messa er opa frå kl. 11.00 til 16.00.

Adventsstund
Laurdag er det også adventsstund på Sunnylven omsorgssenter der Sunnylven sanitetslag saman med tilsette byd på servering og litt underhaldning for pensjonærane. Til adventsstunda kjem Sunnylven skulekorps for å spele kjente juletonar.

Det skjer mykje rundt fyrste helg i advent på Hellesylt, mellom anna blir julegrana i sentrum tent. (Frå arkivet)

Juletombola og julegrantenning
På søndag arrangerer Sunnylven skulekorps juletombola på Sunnylven samfunnshus frå kl. 13.00 til 15.15 der 400 gevinstar kan vinnast ved kjøp av snurrelodd.

Også i år er det konkurranse i bygging av pepperkakehus. Her er inga påmelding, det er berre å bygge i veg og delta. Store og små konstruksjonar blir stilt ut på scena i samfunnshuset, og nokre bidrag blir premiert etter loddtrekning, opplyser arrangøren.

Julegrana på Hellesylt blir tent klokka 15.15 til kjende juletonar frå Sunnylven skulekorps, og med høve til gong kring treet. Også ei ljospynta gate og fleire andre juletre i og i nærleiken av Hellesylt blir kveikte fyrste søndag i advent.

Lysmesse
Til slutt på søndag er det lysmesse i Sunnylven kyrkje klokka 16.00 ved vikarprest Nils Beite, organist Gunnar Inge Eide, konfirmantar, og song av Joyful.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380