LokalnyttLokalsport

Diplom og blanke fotballpremiar

Yngres avdeling i Sunnylven IL fotball har halde premiefest. På søndag fekk spelarane på fem lag sine diplom og blanke premie.

Sunnylven IL Fotball hadde også i år tilbod til alle som ville spele fotball. I alt fem lag med trenarar og oppmenn sette yngres avdeling saman til sesongen sesongen 2019, gutar 11, jenter 10, jenter 12, jenter 08, og gutar 14 år. Alle som var til stades fekk sine premiar søndag.

Turneringslaget, jenter 8 år hadde både gutar og jenter i spelarstallen og skåra langt fleire mål enn dei fekk imot.

Det vart mykje ros frå trenarar og oppmenn til dei unge fotballspelarane. Frå tidleg i vår hadde det blitt trena godt, og kampane hadde, som det oftast går for alle lag enda med både sigrar, uavgjort, og tap. Alle laga hadde hatt ein fin sesong i følgje trenarar og oppmenn som gav sine korte kommentar til sesongen.

Aller best resultatmessig gjorde nok G14 det og vann si avdeling i vårsesongen. Til hausten kom laget, som hadde fire gode jenter i spelarstallen opp i 2. divisjon og møtte enno betre lag. Då vart det ein del tapte kampar, mange knepne og ofte med berre eitt mål, fortalde trenar Kirsti Frøysadal Hauge. Laget fekk også fleire skadar mot slutten av sesongen, men avslutta sterkt med siger 4-1 over Aksla på bortebane.

Gutar 14 med fire gode jenter på laget imponerte med godt spel i fleire kampar.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380