Lokalnytt

Fjelltrimmen hadde auka besøk

Ved Nedstevatnet

Etter ein liten nedgang i fjor registrerte trimgruppa i Sunnylven IL auka oppslutning om fjelltrimmen i år. Auken var på 1689 fleire besøk eller 15.41 % på dei 25 poengpostane.

Trimgruppa har halde premiefest med utdeling av diplom og gåvekort til uttrekte deltakarar. Desse var heldige vinnarar av gåvekort:

Born alle postar: Ingeborg Fivelstad Stadheim.

Born meir enn 10 postar: Inge Ringdal Tyssen.

Vaksne alle postar: Magnar Tufte Tyssen.

Vaksne meir enn 10 postar: Birthe Lødøen Helset.

Uttrekt blant alle dei 44 leverte skjema: Kristen O. Ringdal.

Bjørn Hallgeir Rusten besøkte mange trimpostar og enda opp med 1547 poeng

Mange var store poengsankarar i årets fjelltrim, den aller største var Bjørn Hallgeir Rusten med heile 1547 poeng. «Supertrimmaren» fekk diplom av trimgruppa.

Besøket på dei 25 postane viser at Gamle Shell er posten som flest besøkjer. Trimposten toppa med 2741 registreringar, føre sendaren på Ringdal med 1276. Størst auke frå året før hadde Ljøbrekka, frå 753 i fjor til 1260 i år, ein auke på 67.33 prosent. Kanskje er jobben som Ljøbrekkas Vener har utført på postveien medverkande til auken.

Største nedgang i besøket hadde Høgane, men også mange av dei andre toppostane hadde mindre besøk i år enn i 2018.

Under premiefesten på Sunnylven samfunnshus opplyste medlem i trimgruppa, Ruth Hole Aaland at posten i Stegolen ved Stegolvatnet blir flytta til neste sesong. Grunna rasfåre i område der posten ligg no, blir den flytta til grinda ved Stegolvatnet, nærmare mot Nedstevatnet.

Stad besøk 2018 besøk 2019 Endring i prosent
Gamle Shell 2081 2741 31,72
Åsen/Hellebostad 441 544 23,36
Ringdal 1066 1276 19,70
Berga 458 585 27,73
Nedstevatnet 940 1042 10,85
Stegolen 812 776 -4,43
Langeland/Tryggestadmarka 656 1009 53,81
Svarthammaren 290 257 -11,38
Nausane 174 188 8,05
Kjellstaddalen 480 604 25,83
Brudaholen 151 108 -28,48
Høgane 344 133 -61,34
Vatnedalsreset Moldskreddalen 165 162 -1,82
Tronstadsetra 229 244 6,55
Vatnedalen 76 77 1,32
Fedalen 107 124 15,89
Holedalsvatnet 88 127 44,32
Sætre-Setra 99 77 -22,22
Skaret 592 581 -1,86
Ljøbrekka 753 1260 67,33
Haugedalen 76 73 -3,95
Liadalen 182 147 -19,23
Åsenakken 229 210 -8,30
Steimsnibba 319 215 -32,60
Nokkenibba 153 90 -41,18
10961 12650 15,41
Ljøbrekka var tredje mest besøkte post i fjelltrimmen til Sunnylven IL i 2019.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380