Hadde songøving på omsorgssenteret

Det vart ein triveleg time for bebuarane på Sunnylven omsorgssenter som fekk høyre Hellesylt songlag øve til julekonsert .

Hellesylt songlag øver til årets julekonsert. Tysdag la dei øvinga til Sunnylven omsorgssenter til glede for bebuarane og andre tilhøyrarar.

Det blir julekonsert i Sunnylven kyrkje søndag 15. desember. Der samlast det beste av kulturkrefter frå Sunnylven, og nokre utanfrå både innan song og musikk.

Mellom dei som blir å høyre er Hellesylt songlag. Dei er ikkje mange, men ti, tolv damer med godt «medfødt instrument» kan å synge. Tysdag la dei fyrste del av øvinga til Sunnylven omsorgssenter der vi var fleire som fekk ein triveleg time med vakre, og for alle kjente julesongar. Koret opna med Det lyser i stille grender, og heldt fram med Kimer no til julefest, Det hev ei rosa sprunge, Tenn lys, og nokre til før dei avslutta med Deilig er jorden. I tillegg framførte dirigent Kristin Storstein Trygve Hoff sin Lys i mørketida.

Roger Tryggestad til venstre og Arnfinn Tryggestad heilt til høgre har begge stått i korrekkene til songlaget.

Mellom bebuarane på omsorgssenteret er fleire som har vore medlemer i Hellesylt songlag. Det var kjent repertoar, og dei song med og hadde det triveleg. Og sjølvsagt vart Hellesylt songlag «belønna» med applaus.

Julekonserten i Sunnylven kyrkje er tredje søndag i advent, 15. desember. Kristin Storstein fortalde at det blir besøk av Jårångskoret frå Geiranger som vil synge både frå eigne noteark og saman med Hellesylt songlag. Denne søndagen blir det også gjenhøyr med ungdomskoret Joyful. Vi gledar oss til julekonsert, noko også mange andre kan gjere.

Dirigent Kristin Storstein fekk friska på songrøysta til mellom anna pensjonist Arnfinn Tryggestad.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380