Har invitert Dronning Sonja
I samband med at turvegen over Ljøfjellet blir ferdig restaurert neste år har Stranda kommune og Ljøbrekkas Vener invitert Dronning Sonja til opning i august 2020.
Etter seks år er turvegen over Ljøfjellet klar til opning neste år. Den populære turvegen hadde fått betydelege skadar etter naturen sine herjingar og trong vedlikehald. Jobben med å ruste opp turråsa igjen tok Ljøbrekkas Vener på seg etter oppdrag frå Stranda kommune, eit arbeid som starta i 2014. No er jobben gjort, eit omfattande arbeid der eit stort antall arbeidstimar er lagt ned både med maskiner og handemakt, og har kosta 11.- mill. kroner.
Fortel historia
Stranda kommune og Ljøbrekkas Vener ønskjer at Dronning Sonja skal kome til den offisielle opninga av den nyrestaurerte turvegen. Invitasjonen blir sendt gjennom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og her blir det fortalt kort om historia til Den Trondhjemske postvei gjennom fylket, og om bruken av strekninga frå Ljøen til Herdal i Stranda.
Postruta over Ljøfjellet vart lagd ned i 1867. I åra etter har strekninga over fjellet vore ein populær turveg i fantastisk natur med utsyn til fjorden, fjella og anna vakkert landskap.
I 2014 vart arbeidet med restaurering starta opp, og neste år skal det markerast at jobben er gjort. I høve opninga vil det bli planlagt ei skikkeleg markering, og brevskrivarane håper Dronning Sonja kan stå for den offisielle opninga. Aktuelle datoar er dei tre siste helgane i august 2020.
-Vi vonar ein av desse datoane vil passe slik at De kan glede oss og kaste glans over opninga, skriv ordførar Jan Ove Tryggestad og styreleiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal til slutt i invitasjonen.