Lokalnytt

Har pynta med ljoslenker

Her blir ljoslenker hengde opp i tre ved sparebanken.

To veker før advent kom ljoslenkene i trea i Hellesylt sentrum på plass. Og alt lyste som det skulle også denne gongen, stadesta pyntegjengen.

Denne veka og i god tid før jul fekk hovudgata på Hellesylt julepynten opphengt, slik det har blitt gjort dei siste sju åra. Ljoslenker i trea mellom Sunnylven skule og butikkane og ved Sparebanken Møre skal lyse og glitre frå fyrste helg i advent og langt inn i det nye året.

Fekk dekka kostnader

For sju år tilbake vart ein lys ide forma i Coop-kroken på Hellesylt. Juletre i sentrum var ikkje nok, det måtte pyntast litt meir, også i tre som alt vaks i tettstaden. Med velvilje frå bank og bedrifter på Hellesylt vart lysande utstyr kjøpt inn, og Åge og Arne var drivane krefter saman med fleire for å få utført jobben. Tiltaket fekk mykje skryt, det vart ei triveleg julegate på Hellesylt, og alt denne veka var «gamle og nye» karar i sving med å få ljoslenkene på plass igjen.

I Hellesylt sentrum har den kommunale julegrana alltid pryda sentrum gjennom julehøgtida, og det same har eit tre på uteområdet ved skulen gjort. Begge trea kjem nok på plass også i år.

Full konsentrasjon for å få hengt opp årets julelys, Oddvar Gausdal til venstre og Arne Tronstad.

Juletre i fjellsida

Til jul i 2012 lyste det også i eit juletre på Svarthammaren, i fjellsida 130 meter opp for Hellesylt sentrum. Ikkje eit vanleg juletre, men ljoslenkjer som var heisa opp i ei stong. Også her stod planleggjarane frå Coop-kråa bak realiseringa. –Vi lurte lenge på korleis vi skulle få det til slik at det lyste der oppe, det er trass alt langt opp frå bebyggelsen. Vi snakka om både batteri og andre kreative løysingar, men til slutt vart det kjøpt inn ein over 200 meter lang straumkabel og strekt frå det nærmaste bolighuset, fortel Arne. Det fungerte flott til midt i jula for to år sidan, då vart det brot i kabelen og straumlaust.

I fjor var det igjen lys i juletreet på Svarthammaren. Største bedrifta på Hellesylt «blada» opp og ny og ein meir solid straumkabel vart kjøpt inn og strekt av dugnadsmenn. Alt no er juletreet på Svarthammaren testa, og det lyser, får vi oss fortalt.

Kald dag, men jobben vart ferdig, frå venstre Fredrik Stadheim, Odd Jostein Bjørdal, Oddvar Gausdal, Arne Tronstad, Åge Gjørvad.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380