Hellesyltdagane 2020 fyrste helg i juli

Alt no har hellesylt.info fått spørsmål om når Hellesyltdagane 2020 blir arrangert. Det blir fyrste helg i fellesferien, eller fyrste helg i juli.

På spørsmålet til medlem av hovudkomiteen sist år blir det stadfesta at dato for Hellesyltdagane 2020 blir som vanleg arrangert fyrste helg i fellesferien, frå fredag 3. juli til og med søndag 5. juli.

Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening anbefaler at fellesferien 2020 blir i tidsrommet måndag 6. juli til og med fredag 24. juli (veke 28. 29. og 30.)

Sommardagar på Hellesylt, eller no Hellesyltdagane har alltid blitt arrangert fyrste helg i fellesferien, og slik blir det også i år. Så då er det vel berre å krysse av på kalendaren og glede seg til ny folkefest og nye opplevingar innarst i Sunnylvsfjorden.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380