Julelotteri på biblioteket

Siste tysdag i november var det langope og julelotteri ved Sunnylven bibliotek. 17. desember blir det eit liknande arrangement.
På julelotteriet sist tysdag kunne nok leiinga i biblioteket ønska seg eit større frammøte, men mørkret og litt glatt føre var nok del av årsaka til mindre besøk enn vanleg. Dei som kom og kjøpte snurrelodd vann seg fine juleinspirerte gevinstar, og kaffi og kaker. Eit liknande arrangement blir halde tysdag 17. desember.
Tidlegare på dagen hadde fleire vore innom og lånt bøker. Sunnylven bibliotek har over 6000 bøker i hyllene, og her finn ein eit variert utval, både romanar, krigshistorie og andre spanande bøker. Dei yngste boklesarane likar best eventyrbøker, fortel bibliotekstyrar Martine Rørstad Sand. Ho synest utlånet av bøker er bra, og like bra som tidlegare år.
