Juletombola og pepperkakebygg
Sunnylven skulekorps er i rute med innøving av kjente juletonar. I rute er også leiinga for korpset med sitt årvisse arrangement fyrste helg i advent.
I tillegg til stor tombola blir det også i år utstilling av flotte pepperkakebygg. Å bygge pepperkakehus er eit tiltak leiinga i Sunnylven skulekorps har invitert til heilt frå 2008. Alltid har mange levert inn flotte byggverk til utstillinga som blir å sjå på scena i Sunnylven samfunnshus same dag som det blir juletombola.
Barbro Lade i økonominemnda håper på god deltaking også i år, og bidraga kan leverast på samfunnshuset frå morgonen av laurdag 30. november. Det er inga påmeldig, berre lever byggverket på kjøkkenet. Mellom alle som leverer pepperkakebygg blir det trekt ut tre premievinnarar søndag, seier Barbro Lade.
Sunnylven skulekorps sin juletombola blir arrangert søndag 1. desember frå kl. 13.00. I år er det 400 gevinstar å kjøpe på snurrelodd, (kr. 5.- pr. lodd), og det blir sal av kaffi, kaker, og pølse med brød.
Etter juletombolaen spelar Sunnylven skulekorps kjente og kjære juletonar når julegrana i Hellesylt sentrum blir tent kl. 15.15..