Notiser

Kokartjønna i Kjellstaddalen

Kokartjønna i Kjellstaddalen er eitt av naturen sine mange små under. Midt ute på ei myr, og like framom trimposten til Sunnylven IL, ligg vasskjelda som «kokar» heile året.

Sjølvsagt er det ei oppkome full av glasklart vatn, og der det i botnen boblar heile tida i gråkvit sand, nesten som det finaste mjøl.

Ikkje langt frå oppkoma reiser mektige Honndalsrokken seg. På folkemunne blir det sagt at det er rokkekjerringa som kokar risengrynsgrauten i Kokartjønna.

For nokre år sidan fekk eit rom i Tronstad grendahus namnet Kokartjønna. Forsamlingshuset ligg like ved der vegen til Kjellstaddalen tek til og det fall seg nok naturleg å gje lokalet dette namnet, eit rom der gode forfriskingar blir servert.

Det boblar i finsand heile tida i botnen på Kokartjønna i Kjellstaddalen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380