Møte om fiber i Sunnylven onsdag

Ordførar Jan Ove Tryggestad t.v. og IKT-leiar Gunnar Fivelstad håper sunnylvingane sluttar opp om planane for fiberutbygging.

Onsdag 6. november blir det informasjonsmøte om fiberutbygging i Sunnylven. Møtet blir på Sunnylven samfunnshus frå klokka 20.00.

Saman med Stranda kommune inviterer Telenor til folkemøte om planane for fiberutbygging i Sunnylven. I tillegg til representantar frå Telenor blir ordførar Jan Ove Tryggestad og IKT-leiar Gunnar Fivelstad med på møtet.

Tidlegare i oktober vart det sendt ut innbyding til informasjonsmøte frå Telenor Norge, men innbydinga kom ikkje fram til dei som har reservert seg mot reklame i posten. Ordførar Tryggestad opplyser at orienteringsmøtet er for alle som har bustad eller eigedom i Sunnylven, uansett om dei har fått møteinnkalling eller ikkje.

Ordføraren seier vidare at møtestart er kl. 20.00 for at også bønder skal kunne delta. – Som grunneigarar blir mange bønder berørt når entreprenøren skal grave og legge hovudkabelen, og for fleire er bruk av internett viktig kommunikasjon i drifta. På møtet blir det orientering og høve til spørsmål vedkomande utbygginga, og til å melde seg som brukarar om ein ikkje har gjort det tidlegare.

Jan Ove Tryggestad eg glad for at fiberutbygging kjem i gong, og håper på godt frammøte til informasjonsmøtet. –Skal vi lukkast med våre planar og tenester til innbyggjarane er fiber og internett av det viktigaste å få til. Bruken er viktig også andre vegen. Mange private og bedrifter er avhengig av internett, og behovet blir heilt sikkert ikkje mindre i framtida. Ved å føre fram fiber nedgrave får vi eit sikkert samband som også kan brukast til TV-signal, seier ordførar Tryggestad, og minner om at utbygginga etter søknad har fått eit betydeleg beløp frå det offentlege. –Dette er ein historisk sjanse til å få høghastigheitsnett i Sunnylven, ein sjanse vi må nytte oss av, for ein annan gong kan det vere for seint, seier han.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380