Lokalnytt

Opne toalett på Ljøen til snøen kjem

Toalettar på rasteplassen på Ljøen er framleis opne, og blir det inntil mykje snø kjem.

I brev til Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal tidlegare i haust bad Stranda kommune om at toalett på rasteplassen på Ljøen og i Strandadalen blir heilårsopne. No er svaret kome.

Toaletta på rasteplassen på Ljøen er framleis opne, men blir stengt når mykje snø kjem. Med auka utfart til fjella på Ljøen har toalettanlegget blitt mykje nytta av turgåarar sommar som vinter. Den flotte parkeringsplassen med utkikkspunkt mot fjorden er også rasteplass for sjåførar som køyrer tungtransport. Difor har det blitt eit ønskje at toaletta her er tilgjengeleg heile året.

Økonomi avgjerande

I eit brev til Samferdselsutvalet i fylket viste Stranda kommune til at mykje folk går tur i området Ljøbrekka, og at staden er stoppestad for langtransport. Svaret frå Samferdselsavdelinga til kommunen gav ikkje lovnader, men må tolkast positivt. Dei peikar på at alt kostar pengar også å ha toalett på Ljøen heilårsopne. Men det blir jobba for å halde opn heile året, og kva tilbodet faktisk blir kjem an på kva rammer som blir tilgjengeleg for drift og vedlikehald på fylkesvegnettet framover, heiter det.

Opne til snøen kjem

På spørsmål frå hellesylt.info skriv Synnøve Sørflaten i Statens Vegvesen, Møre og Romsdal at det ved utlysing av neste driftskontrakt vil bli lagt opp til heilårsdrift av toaletta på Ljøen.

–Ny driftskontrakt blir venteleg gjeldande frå september 2020. Men inn til snøen kjem, vil vi halde ope toaletta også i år, seier Synnøve Sørflaten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380