På pallen i NM kjøttvarer
Under NM i kjøttprodukter vart Ole Ringdal AS Hellesylt tildelt sølvmedalje for røykt pinnekjøtt, og bronse for bacon i terningar.
Ved Ole Ringdal AS på Hellesylt er nye diplom og medaljar på plass på ein etter kvart lang premievegg. Under årets NM kunne dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal hente heim edelt metall for røykt pinnekjøtt av lam, og bacon i terningar. Å nå opp i denne konkurransen der varene blir bedømt for smak og konsistens er eit kvalitetsstempel for den enkelte bedrift.
I 1983 inviterte kjøttbransjen for fyrste gong til fagkonkurranse der norsk kvalitet på kjøttvarer vart vist fram. Samlinga som var representert med fleire kjøttbedrifter fekk med stoltheit presentert sine produkt, og i 1994 vart det fyrste offisielle NM i kjøttprodukter halde.
Under årets konkurranse deltok 65 kjøttvarebedrifter frå heile landet, og i tillegg sju vidaregåande skular. Ole Ringdal AS har delteke i fleire år og hevda seg sterkt. Bedrifta har stilt med fleire produkt og har oppnådd edelt metall i alle valør.
På facebook rosar dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal sine mange tilsette for den daglege innsatsen i bedrifta. –Våre dyktige, hardtarbeidande ansatte leverer nok ein gong kvalitet under NM i kjøtt, sølv på røykt pinnekjøtt og bronse på bacon i terningar, skriv han. Vi kan berre gratulere og legge til; Fantastisk bra av bedrifta.