Saudehaudfest med delikatesse og dikt
I desse kjøtskam-tider er kanskje saudehaud eit alternativ for animalsk nytelse. Der er lite kjøt og mykje bein.
Saudehaudfesten til Sunnylvsbygda grendalag feira 25-års jubileum laurdag. Eller kanskje skrøna vi, eitt år vart festen avlyst, eller vart den utsett grunna lita påmelding? I år var tilstrøyminga til det spesielle arrangementet god. Nær 90 personar møtte, og serveringa var rikhaldig og velsmakande etter det vi høyrde.
Årets saudehaud var som vanleg flådde, salta, tørka, og kokte. På matbordet hadde arrangøren også sett fram poteter, kålrotstappe og flatbrød, og kokmør for dei som fekk ubehag av at maten stirra med opne auge.
At auge var med lovprisa Magne. Det var delikatessa og nesten det beste ved måltidet, meinte han. Han kløyvde auget og la det på flatbrød før det gjekk i munnen, med ein kommentar. –Berre husk å spytte ut augesteinen, for den er hard og kan godt brukast til perlekjede.
Geir Frøysa var festleiar og ønska vel møtt med morosame formuleringar. Han mintes tilbake på 90-talet då han og nokre til fekk nokre saudehaud av Kristen Ringdal. Det var fyrste måltidet, og sidan hadde det blitt fleire, både arrangement og med fleire gjestar til bords på grendahuset. Han nytta høvet og takka alle som hadde hjelpt med flåing, salting, tørking og koking av fleire hundre saudehaud, og han gløymde heller ikkje alle i grendalaget som hadde hjelpt med arrangementet på ein eller annan måte.
Dikt til saudehaudfesten
Til saudehaudfesten kom også rimsmeden Peder Rune Tronstad. Med løyve presenterer vi dikt hans til årets saudehaudfest.
Vi har alle gledd oss på fest vi vilde
For å bli med på Haugeskulens årlege etargilde.
For det er vel tilfeldigheit og flaks so gjer at det går væl
Utruleg at ingen har ete seg ihæl
For heldigvis er menyen den same som sist
Liten vits å forandre ei suksessoppskrift
For som alltid er maten i det øverste sjikt
Ditta ha til og med veganarane likt.
Sjølv eg so e milevis frå å vere klok
Skjøna at bygdara og saudehaud høyre i hop
Men det e kje berre maten på bordet eg i dikte vil ha me
Folka rundt er også av det ypperste slage
Å alle er fornøgde og alle er bli
Unntatt eg, for eg he nok med å vere misunneli
For eg er no slik so eg alltid ha vør
Eg ha aldri vore kjent for å ha gøtt humør
Det fell seg liksom ikkje naturleg for me
Humør er noke eg må drikke me t
Å det ska eg gjere, for det går med nøkre øl
For å gløyme at det so låg på fate
hadde meir livsglede i auge enn eg er utrusta med sjøl