Notiser

Sel tørr blandingsved i sekkar

Eldrid Skrede har mykje god ved som gjev god varme, alt ferdig pakka i sekkar.

Eldrid Skrede på Hellesylt har 70 sekkar med tørr blandingsved ho ønska å selje. Ho håpar å få vekk det meste slik at ho får plass til ein bil.

For to år sidan tok Eldrid Skrede og Roar Ljøen, tidlegare nabo del i utsiktsryddinga i nærleiken av Hellesylt. Dei rydda eit område langs Ljøvegen på Svartebergane, og der var det rikeleg å hogge av fleire sortar lauvtre.

Og veddungen vart stor, det vart mykje på kvar, langt meir enn Eldrid Skrede har bruk for. Langs eine langveggen i garasjen hennar på Hellesylt ligg sekk på sekk med tørr blandingsved, så no ønskjer ho å selje ein del, i alle fall 70 sekkar, seier ho.

Ho legg til at vedsekkane må hentast av kjøparen sjølv. Ring Eldrid på mob. 907 07 009 og avtal pris og hentedag. Kulden kjem nok denne vinteren også, så då er det fint å ha tørr ved å fyre med.

SISTE 03.12: Alle sekkane med ved er selde eller vekktinga, melder Eldrid Skrede. Det løner seg å bruke hellesylt.info!

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380