Stor interesse for breibandutbygging

På eit godt besøkt folkemøte orienterte desse om utbygging av høghastigheits breiband i Sunnylven. Frå venstre ordførar Jan Ove Tryggestad, Hans Chr. Ingdahl, KAM Telenor, John-Niklas Handberg, utviklingsansvarleg Telenor, IKT-leiar Gunnar Fivelstad.

Folkemøtet på Hellesylt om fiberutbygging samla heile 130 frammøtte. Og blir påmelding til utbygginga god nok har heile Sunnylven høghastigheitsnett til jul 2020.

Folkemøtet på Sunnylven samfunnshus vart opna av ordførar Jan Ove Tryggestad som ønska vel møtt. Utbygging av breiband i Stranda kommune var ei sak som han og kommunen prioriterte høgt då fleire ville bli avhengig av dette i framtida. Ordføraren presiserte at han ikkje var seljar for Telenor, men talsmann for innbyggjarane i Stranda kommune. No var det Sunnylven som skulle utbyggjast, og snart kom resten av kommunen etter.

Godt av kommunen

Telenor Norge var representert ved Hans Chr. Ingdahl og John Niklas Handberg. Dei var imponert over frammøtet og ikkje minst over jobben som Stranda kommune hadde gjort med planar og søknadar i forkant. Fantastisk jobba av kommunen, sa Ingdahl og fortalde at berre Vanylven kommune ville vere føre Stranda i fylket med utbygging av breiband til alle.

Vann anbodskonkurransen

Telenor Norge vann anbodskonkurransen om utbygginga. Fredag 12. juli signerte Stranda kommune avtale om utbygging av høghastigheits breiband i delar av kommunen som ikkje har dekning i dag. Dette var områder der ein hadde fått statleg støtte til utbygging: Nibbedalen, Langedalen og Røyrhus, Sunnylvsbygda. Hellesylt sentrum med byggefelt.

Ferdig til jul 2020

Kravet i avtalen med Telenor er at utbygginga skal vere fullført 18 månader etter kontraktsignering, i løpet av fjerde kvartal 2020. Men for at utbygging skal kome i gong må minst 70 prosent av fastbuande etter matrikkelen ha meldt seg på. Kor stor påmelding det blir er ikkje kjent enno, men ut frå interessa på møtet bør dette vere oppnåeleg.

Påmelding

Ut frå orienteringa på møtet blir det eit breibandnett som kan levere sikre tenester for kommunikasjon, og TV-signal med mange kanalar. Eit visst antall brukarar må melde seg. Fleire har meldt si interesse tidlegare og mange signerte på møtet. Påmelding kan også gjerast på https://fiber.telenor.no. Det er berre der påmelding skal skje, gjerne så snart som råd, sa Hans Chr. Ingdahl.

I luft eller jord

Det vart opplyst at utbygginga i Sunnylven blir finansiert av offentlege middlar, kommunale, private og med dugnad. –I 2023 blir siste stasjon med koparnett kopla ned og fiber tek over. Telenor har ansvar for kommunikasjon på fiber gjennom Norge, og på denne vegen tek vi med oss hus og heim. Selskapet strekkjer hovudkabel, medan avgreiningar blir ordna privat, anten nedgrave eller som luftspenn. Montør frå Telenor koplar opp TV og data, og når montøren reiser er kunden på nett.

Forhandlar med e-verket

Telenor er i forhandlingar med Stranda Energi AS om å nytte trekkerøyr som e-verket har grave ned i samband med høgspentkabel, både til Nibbedalen, og frå Sanden til Stadheim i Bygda. Og der dei gamle telefonstolpane er gode nok kan dei bli nyttar, andre stader blir kabelen grave ned. Av og til må mobil dekning til for å nå siste husstand.

Kome for å bli

Hans Chr. Ingdahl og John Niklas Handberg orienterte om alle tenester og prisar som Telenor Norge tilbyr. –Breiband er kome for å bli, og om to, tre år fram i tid kjem det til å ta av for fullt, sa dei to. For tilknyting og bruk kostar det 4990.- kroner som eingongssum, og 799.- kroner for TV og breiband pr. månad i eitt år. «På min side» eller heimesida til selskapet kan alle lese om tenester, prisar og anna frå Telenor Norge.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380