Storfjordkalenderen i sal

Eit bilete av husa i Matvika, måla av Ottar Dybvik prydar framsida på Storfjordkalenderen 2020.

Storfjordkalenderen 2020, utgjeven av Storfjordens Venner er no i sal og kan kjøpast på butikkar og bokhandelar på nordre Sunnmøre.

Eit bilete frå Matvika prydar framsida på den nye Storfjordkalenderen. Asgeir Kvernberg har vore redaktør, og i redaksjonen har Bjørn Steinar Skarbø, Odd Normann Hoff og Frode Færøy vore med.

Frå januar til desember er Storfjordkalenderen rikt illustrert med bilete, og forteljingar om buplassar og gjeremål til folket som livberga seg på fjord –og fjellgardar i området. Vi har blada i kalendaren og finn gamle og nye bidragsytarar til det redaksjonelle stoffet, og vi nemner litt av det her:

Bjørn Steinar Skarbø skriv om Oluf-stova på Amdam, og om Bustadhus i Osvika, Odd Normann Hoff skriv om Kurlefolket, om Stadnamn knytt til dyrelivet, og Stadnamn som fortel om gardsdrifta, og Kristoffer Dahle og Arve Nytun reiser tankar om Kor gamle fjord –og fjellgardane i indre Storfjorden er. Elles kan ein for kvar månad lese historier sett på papiret av Jon Slyngstad, Helge Søvik, og tidlegare styreleiarar i Storfjordens Venner Asgeir Kvernberg og Kjell Løseth.

Sist i kalendaren er ein oversikt over aktiviteten til venneforeininga i 2019, med helsing frå noverande styreleiar Inge Bjørdal. Og heilt til slutt blir det vist ein oversikt over fjell –og fjordgardar langs heile Storfjorden. Dei er mange, men dei fleste er no fråflytta.

Den nye Storfjordkalenderen 2020 er den 25. i rekkja og er ein historisk eignalut som bør vere aktuell å gje bort som julegåve. Den er no i handelen i butikkar og bokhandelar på nordre Sunnmøre. Les her: https://www.storfjordensvenner.no/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380