Trivelege tonar på Sunnylven omsorgssenter

Arne Mørch gleda mange med flott song og musikk laurdag, melodiar som var triveleg gjenhøyr for dei fleste.

Laurdag gjesta musikar og songar Arne Mørch Sunnylven omsorgssenter. Der fekk bebuarar og fleire pårørande ein time med allsong og «Minnenes Melodier».

I daglegstova var dei fleste bord rydda vegg for å gjere sitjeplassar til ein triveleg ettermiddagstime laurdag. Konferansier og kapellmeister var tilreisande Arne Mørch. Han hadde med og framførte songar frå 50 –og 60-talet med tonefølgje frå eige trekkspel og andre digitale instrument.

Arne Mørch, født i Sigdal og med utdanning som maskiningeniør slutta som adjunkt i tekniske fag ved Hønefoss vidaregåande skule i 2013. Då blei det einmanns orkester, og musikk og allsong på heiltid, ein hobby, eller kanskje eit yrke han hadde drive også i mange år før den tid. Og som medlem i fleire danseorkester var mange av songane under «Minnenes Melodier» kjende frå tidlegare for 71-åringen. No reiser han rundt og gjennomfører opp mot 180 konsertar kvart år i heile Norge, ofte to kvar dag.

-Vi har gleda oss lenge til denne konserten, sa Solveig Førde, tilsett ved omsorgssenteret då ho ønska musikar og forsamling vel møtt laurdag. Og Arne Mørch skuffa nok ikkje dei mange som fekk synge med frå utdelte songhefter. Det opna med Engerdal og Stordal sin Minnenes melodi, og heldt fram med De nære ting, Frøken Johansen og jeg, Ola var frå Sandefjord, Møllerens Iren, og Lille vakre Anna for å ta med nokre av i alt 14 songar, alt godt gjenkjenneleg for det aldrande publikumet etter det vi kunne sjå. Og sjølvsagt vart det kravd ekstranummer slik det ofte blir på gode konsertar. Det vart En liten pike i lave sko.

Arne Mørch kunne sin profesjon, god på sine instrument og ei flott songrøyst. Også god lyd då han hadde ein ekstra høgtalar oppmontert. Eit godt tiltak og ein flott konsert som begeistra og gjorde dagen triveleg på Sunnylven omsorgssenter.

I daglegstova var nesten alle bord rydda vekk for å gje plass til alle som kom.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380