Notiser

Uroa for cruisebåttrafikken

Cruisebåten MSC Meraviglia ved kai på Hellesylt august 2019.

I eit skriv til Stranda kommune med kopi til hamnesjef Rita Berstad Maraak er Truls Gabrielsen i GAC Norway uroa over kva som skjer med cruisebåtanløp til Geiranger og Flåm i framtida.

Det er kjent at frå 2026 skal alle cruisebåtanløp i verdsarvområder vere utsleppsfrie. Dette kjem til å medføre ein sterk reduksjon av båtar og tapte inntekter for turistnæringa, trur Gabrielsen og skriv; -I 2026 vil det etter all sansynlegheit vere tilnærma tomt for cruiseskip i Geiranger og Flåm.

Han er klar over at verdsarvfjordar er spesielt sårbart, men ingen er tent med at aktiviteten blir flytta andre stader og øydelegg Flåm og Geiranger som lokalsamfunn. Han stiller spørsmål ved miljøgevinsten ved å skifte til ei anna hamn då utsleppa frå båtane blir dei same, om ikkje verre etter som båtane må ligge med anker i staden for ved ei kai. I tillegg kjem ekstra transport med bussar på land.

Truls Gabrielsen skriv at Marella Cruises har beslutta å trekke seg ut av Norge etter 2020-sesongen. Grunnen er nytt regelverk og i eit tempo det ikkje er råd å tilpasse seg etter, og han meiner regelendringane framstår som paniske handlingar utan konsekvensutredning.

-Min personlege meining er at Norge som eit såkalla i-land skal sitje fremst i bussen angåande innovasjon og tilrettelegging for miljøvenleg turisme. Men cruisebåtane vil fortsatt segle på verdens hav og utsleppa forlate same skorstein og ut i same atmosfære, skriv Gabrielsen som håper det han peikar på ikkje blir oppfatta som ei klage, men som ei bekymring for det som kan skje i framtida.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380