Vedlikeheld ærverdige Grand

På Grand Hotel blir taksteinen spyla rein. Ei god årstid å utføre arbeidet på no når ferjetrafikken har stilna av.

Grand Hotel får viktig vedlikehald før vinteren. HT Bygg Hellesylt har starta reingjering av skifersteinen på taket, og i tillegg blir beslag, takrenner og glasruter reparert.

Grand Hotel skal takast vare på så då er det viktig å halde bygget tett. No blir det gjort arbeid på taket før vinteren set inn, det skal ordnast med ein del beslag, takrenner blir reinska og skifersteinen blir vaska med høgtrykksspylar. I tillegg skal det setjast inn ein del glasruter som er knuste. Til neste år blir det gjort meir, mellom anna med veggen bak mot sjøen. Det opplyser John Egil Giørtz Jacobsen i Flakk eigedom til hellesylt.info.

Jacobsen fortel også at i kjellaren til hotellet er all kledning og anna rydda ut. Der var ein del fukt etter vassintrenging så no står lokalet og tørkar ut. Og tidlegare i haust vart motellbygget ved sjøkanten rive og køyrd vekk. Området, som blir ei «perle» på Hellesylt er planert med jord og klar for tilsåing til våren.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380