Lokalnytt

Vøling sett på vent

Grunnmuren på det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun bular ut. I tillegg er der råteskadar i tømmeret, spesielt på sylvstokken. (Foto frå arkivet)

Utbetring av mur og tømmerveggar på den gamle stova i Hellesylt Bygdetun er sett på vent. Grunnen er pengemangel då nytt overslag dobla kostnaden.

Det gamle våningshuset i Hellesylt Bygdetun står høgt og fritt i skrånande terreng, og no er grunnmuren i ferd med å sige ut. Planen var at arbeidet skulle gjerast i løpet av 2019, men no er arbeidet utsett då det vart meir omfattande enn tenkt og kostnaden større, opplyser styreleiar i stiftinga Hellesylt Bygdetun, Jan Ove Tryggestad.

Planen var at muren kunne takast ned og murast opp igjen, utan å røyve den vesle tømmerstova. Men skulle murarbeidet bli bra var rådet frå fagfolk som skulle utføre jobben at huset måtte plukkast ned. Dermed steig kostnaden frå 4-500.000.- kroner til det doble.

Skulen fyrst

Det maktar ikkje bygdetunet å finansiere utan støtte utanfrå, seier Tryggestad. – Eg har heller ikkje gjort noko for å få det inn på det kommunale budsjett for neste år, for no er det utbetring av Sunnylven skule som har fyrste prioritet, seier ordføraren.

I løpet av 2020

Etter synfaringa vart det stadfesta at skadane ikkje var kritiske, så huset ramlar ikkje ned. Difor er arbeidet sett på vent inn til vidare. Tryggestad seier at styret vil søkje fleire, mellom anna fylket om kulturmiddlar til reparasjon både av muren, og av råteskadar på tømmerstokkar. Han håper på snarleg løysing så utbetringa kan bli gjort, i alle høve i løpet av neste år.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380