Lokalnytt

Adventskonsert i Lensmannsstova

I tillegg til desse tre, frå venstre Stephanie Roux, Evgenii Zhukov og Synnøve Hjellbakk Hole blir Shamsitdin Mirzoev til stades på adventskonsert i Lensmannsstova laurdag kvelsd.

Stephanie Roux og Evgenii Zhukov er kollegaer med Synnøve Hjellbakk Hole i Stranda kulturskule. I fjor heldt dei adventskonsert i Lensmannsstova, og laurdag 7. desember blir det gjenhøyr med alle og ein musikarvenn.

Stephanie underviser i piano og song, medan Evgenii trakterer fleire instrument og er dirigent for to korps.

Laurdag kveld kjem dei begge tilbake til Lensmannsstova på Lillebø for å halde adventskonsert. Der har dei med ein musikarvenn, Shamsitdin Mirzoev som spelar på både sax, klarinett og duduk. Duduk er eit dobbeltrørblad-instrument av armensk opphav.

Synnøve Hjellbakk Hole og resten av vertskapet i Lensmannsstova ønskjer velkome til adventskonsert nok eit år, til ein konsert som vi trur blir eit vakkert musikalsk juleminne. Og tek vi ikkje mykje feil, leitar nok Synnøve fram hardingfela også denne gongen og tek del i nokre musikalske framføringar.

Adventskonserten i Lensmannsstova mellom trauste tømmerveggar bør opplevast også i år. Det er påmelding til konserten som tek til klokka 19.00 laurdag kveld. Ring mob. 909 51 185. Sjå og «Kva skjer på Hellesylt».

Duduk, eit instrument med opphav frå Armenia.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380