Adventskonsert med musikalske høgdepunkt

Evgenii Zukov til venstre, Shamsitdin Mirzoev og Stephanie Roux i Mitt hjerte alltid vanker vart eit musikalsk høgdepunkt under adventskonserten.

Til adventskonsert i Lensmannsstova på Lillebø kom Stephanie Roux og Evgenii Zhukov frå Stranda kulturskule. Dit kom også Shamsitdin Mirzoev, ein musikkvenn frå Armenia.

Vi var på adventskonsert i Lensmannsstova også i fjor, men tok turen også laurdag for å høyre konserten med Stephanie Roux som spelar piano, og Evgenii Zhukov tverrfløyte. Begge er tilsett i Stranda kulturskule og kan sitt fag. Det er å håpe at dei blir lenge i den kommunale jobben.

Dei to opna konserten med musikk frå ulike deler av verda, mellom anna argentinsk tango, ein norsk brudemarsj, og eit litt jazz-prega verk frå England.

Til adventskonserten i det vesle, intime lokalet i Lensmannsstova fekk eit tjue talls publikum også møte komponist og musikar Shamsitdin Mirzoev frå Armenia. Evgenii Zhukov fortalde at dei to var frå same by og hadde vore studiekameratar for nokre år tilbake. Mirzoev hadde vore på besøk ei veke og skulle reise tilbake til Armenia dagen etter.

Shamsitdin Mirzoev spel på det armenske instrumentet duduk, men brukte også klarinetten under konserten i Lensmannsstova.

Under konserten spela Mirzoev på både klarinett og duduk, eit dobbeltrørblad-instrument av armensk opphav. Saman med Stephanie Roux framførte han folketonar frå Armenia på det ukjente instrumentet der tonane var meir mjuke enn frå andre blåseinstrument. Det hadde ein avrunda, men fyldig tone som kom til fulle fram i komponisten Shubert sitt verk Ave Maria, eitt av kveldens høgdepunkt. Og gode musikalske opplevingar vart det fleire av ut over i den nitti minutt lange konserten. Også Rolf Løvland sin komposisjon «from a sekret garden» var med, og fleire.

Det var fullt i det vesle konsertrommet i Lensmannsstova, og allsongen i julesongar toma rett så vakkert.

Etter ein kort pause vart det meir julemusikk på repertoaret, og det vart allsong i fleire julesongar, som Eg er så glad kvar julekveld, En krubbe var vuggen, og Tenn lys. Konserten toppa seg i den gamle salmen av Brorson, Mitt hjarte alltid vanker. Her vart det samspel, også fleirstemt av dei tre på piano, duduk og tverrfløyte. Dette vart ei meisterleg musikalsk framføring, ei oppleving som vi trur mange tok med som det store høgdepunktet frå det vesle konsertlokalet.

Adventskonserten i Lensmannsstova hadde som avslutningssong Deilig er jorden. Men publikum ville høyre meir, og den lange applausen fekk fram eit ekstra innslag, filmmusikk frå Orions Belte med Stephanie på det gamle trøorgelet og Evgenii på tverrfløyte.

På vegne av vertskapet takka Synnøve Hjellbakk Hole musikarane for ein flott konsert, og publikum for frammøtet. Vi var der, på ein adventskonsert med flotte, profesjonelle musikarar, dyktige nok til å spele på langt større scener enn i Lensmannsstova. Men vi er glade for at dei kom dit, for at vi fekk oppleve ein ny konsert som går i minneboka med gullskrift.

Shamsitdin, Evgenii, Stephanie og Synnøve Hjellbakk Hole samla framfor juletreet, etter konserten.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380